Geitbåten DIGITAL PRODUKSJON
Geitbåten er ein spennande dokumentar som gjev innblikk i livet til den unge båtbyggjaren Hallvard. Vi blir teke med i prosessen med å byggje ein geitbåt, på sosialt samvær med vener, og ikkje minst blir vi teke med på seglinga av den fantastiske båten.
Del 1: Filmen Geitbåten
I denne filmen møter vi den unge båtbyggjaren Hallvard, som er den einaste som byggjer geitbåtar aktivt i dag. Om han lurer på noko, må han studere båtane i museet for å få svar, eller spørje bestefar Jon. Det er bestefar Jon som har lært Hallvard å byggje geitbåt. Dei to trivst godt i lag, og Hallvard meiner bestefar har ein eigen «bestefarpedagogikk».
Både bestefar Jon Godal og den unge båtbyggjaren Hallvard Heide er tilknytta Geitbåtmuseet i Heim kommune. Geitbåtmuseet har ei utviklings- og produksjonsavdeling som heiter Husasnotra, og det er der Hallvard byggjer geitbåtar.
Geitbåten er ein av dei mest opprinnelege båtkonstruksjonane i Noreg. Desse båtane liknar i struktur til dømes Gokstadskipet. Geitbåten vart tradisjonelt bygd og bruka i Romsdalen, på Nordmøre og i den i sørvestlege delen av Trøndelag. Denne båten har hatt stor betydning for utvikling av tradisjonsbåtar i Noreg.
Geitbåten syner at det er mogleg for unge folk å halde på med tradisjonshandtverk, slik Hallvard gjer. Filmen gjev sjåaren innføring i kva ein geitbåt er, så vel som glimt inn i det å byggje og segle geitbåten.
Del 2:
Hallvard har laga ei sløydoppgåve som elevane kan gjere etter at dei har sett filmen. Det er lagt ved ei skildring av oppgåva, og i denne fins ei lenke til ein instruksjonsvideo kor Hallvard syner korleis oppgåva kan utførast. Sløydoppgåva handlar om å gå ut i skogen, finne emne og å lage ein knagg. Dette er ei oppgåva elevane kan gjere på skolen i lag med sløydlæraren.
Filmane kan streamast eller lastast ned frå vimeo - link til filmane og passord sendas den enkelte skule. NB: Skulene kan ikkje vise filmane til andre enn dei som får tilbodet, skuleåret 2020-21. To veker etter at Geitbåten er lasta ned skal alle nedlastingar slettast og det skal sendast ei skriftleg stadfesting pr e-post til Jonathan Kalvik Gorton - jonathan.kalvik.gorton@nordmore.museum.no - om at dette er gjort. Dette har med rettigheiter og eigedom til verket å gjere.
Lærerveiledning
EvalueringÅ lage digitale produksjoner er helt nytt for oss, og dette - samtidig som vi er litt pionerfylke i så måte – gjør at vi virkelig håper at dere vil bruke to minutt på en liten Questback som vi har laget og dere finner her: https://response.questback.com/trfk/azpn1tvx2v Det er særdeles viktig for oss med tilbakemeldinger, det er jo dere - skolene og elevene - vi har laget dette tilbudet for.
Om utøvere og produsenter
- Arrangert av: Trøndelag
- Kunstnere/grupper: Geitbåtmuseet
- Idé/opplegg: Geitbåtmuseet
Publikumskommentarer