Tilbake

Fortellinger om flukt

Gjennom arbeid med studieutstillinga Fortellinger om flukt vil vi ta utgangspunkt i flukthistorier frå den andre verdskrigen for å utforska temaet flukt i fortid og notid. I tillegg vil elevane jobba med heile historia til Falstad, med hovudvekt på tida som nazistisk fangeleir, og vi nyttar henne som bakteppe for aktualisering, og saman med elevane lagar vi ein innhaldsrik dag som fremjar både historiemedvit og refleksjon rundt dagsaktuell tematikk. Gjennom elevaktiviserande metodar, refleksjon og diskusjon vil elevane utfordrast til kritisk tenking rundt kildebruk, historiebruk, minnekultur, menneskerettar og andre dagsaktuelle tema.

Gjennom studieutstillinga og undervisninga vil elevane bli kjent med enkeltpersonars skjebnar under den andre verdskrigen og fram til i dag. Den historiske empatien som oppstår i møte med mikrohistorie vil elevane bearbeide i felles refleksjon og diskusjon med medelevar og senterets pedagogar. Studieutstillinga er laga av bilete-, video- og skulpturkunstnarar i samarbeid med oss på Falstadsenteret, og har ein meir visuell og taktil inngang til historieformidling enn noko vi har hatt før. Vi nyttar desse elementa i undervisninga, i tillegg til andre formuttrykk som finst på minnestaden ved senteret og i Falstadskogen.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Trøndelag
  • Kunstnere/grupper: Stiftelsen Falstadsenteret

Om kunstner / utøver / gruppe

Falstadsenteret ligger på Ekne i Levanger kommune i Trøndelag og er museum, krigsminnested og senter for fred og menneskerettigheter.

Publikumskommentarer