Tilbake
Foto: Hanna Fauske

Danseverkstaden Spring!

Har du prøvd pannekakesnu? Eller å slå deg på kneet i takt med musikken? I ei verd med ulike kulturuttrykk og kanalar er det identitetsskapande å kjenne dei eldre tradisjonane. 

Danseverkstaden - Spring! ynskjer å gi ei felles oppleving av levande musikk og dans med forankring i Midt -og Nord-Norge. Publikum får oppleve ei interaktiv forestilling basert på springarformar, og sjølv smake på både halling og innherredspols. 

Danseverkstaden – Spring! gir ei reise gjennom tradisjonsdansen kor ein etter fullført reise sit igjen med ein dans i eigen kropp. Verkstaden er dynamisk og fleksibel, og kan tilpasses barn, ungdom og vaksne i ulike målgruppe.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Trøndelag
  • Kunstnere/grupper: Hildur Dansekompani
  • Produsent: Hildur Dansekompani
  • Idé/opplegg: Hildur Dansekompani

Om kunstner / utøver / gruppe

Mathilde Øverland kjem frå Molde, kor ho gjekk musikklinja ved Molde Videregående med song som hovudinstrument. Ho lærte å kvede i gudbrandsdalstradisjon på Folkemusikklina ved Vinstra, før ferden gjekk til Trondheim og Voss for bachelor i utøvande tradisjonsdans. Itillegg til kvedetimar hjå Camilla Granlien frå Ringebu har ho lært av Unni Boksasp frå Nordmøre, Kim Andre Rysstad frå Setesdal m.fl.. Dei siste åra har ho starta arbeidet med fordjuping i Romsdalsk songtradisjon.

Jo Einar Jansen er fele-, hardingfelespelar og songar frå Frosta i Nord-Trøndelag. Han har nordisk master i folkemusikk og ein kreativ, kraftfull og dynamisk spelestil. Med rot i folkemusikken frå heimfylket spelar Jo Einar tradisjonsmusikk ifrå heile Norden. Han er med i grupper som Duo Jansen/Jüssi og Rim, og er i tillegg ein glimrande soloutøvar, men ekstravagante kvalitetar som dansespelemann.

Torill Steinjord kjem frå Grytøy i Sør-Troms og har røtene og hjartet i den nordnorske tradisjonsdansen. Gjennom bachelorutdanninga i utøvande tradisjonsdans utforska ho det særeigne og leikne uttrykket i folkedansen og formidler det både på scena og i undervisning. Steinjord jobber for tida danseprosjektet "Arktisk takt" - Bygda dansar i Troms med å lære ungdom dansetradisjonen i fylket sitt, i tillegg driv ho som frilans dansar og pedagog.


Publikumskommentarer