Tilbake
Henning Lystad
Samlaget

Jakob og Neikob

Ved dette skulebesøket vil Kari Stai lese frå bøkene sine om Jakob og Neikob, samstundes som bileta blir vist på lerret Etterpå snakkar dei om det dei har opplevd i historia, og forfattaren opnar for filosofiske spørsmål omkring JA og NEI. Ho fortel og litt om prosessen bak bokidéen om Jakob og Neikob. Ein ordleik med JA og NEI, samt ei enkel teikneoppgave blir med som ein workshopdel.

Forfattaren og illustratøren Kari Stai har vunne fleire prisar for bøkene om Jakob og Neikob.

FORARBEID

Detet er ikkje nødvendig med forarbeid, men det er fint om elevane har fått presentert navnet på boka. Dei bør og ha med penalet sitt, med tanke på teikneoppgåva.

Relevante læreplanmål for Jakob og Neikob

  • Leke, improvisere og eksperimentere med rim, rytme, språklyder, ord og meningsbærende elementer
  • Arbeide kreativt med tegning og skriving i forbindelse med lesing
  • Gjenkjenne og bruke de språklige virkemidlene gjentakelse, kontrast og enkle språklige bilder
  • Uttrykke egne opplevelser gjennom tegning

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Trøndelag
  • Kunstnere/grupper: Kari Stai
  • Produsent: Norsk Forfattersentrum Midt-Norge
  • I samarbeid med: Norsk Forfattersentrum - Midt-Norge
  • Idé/opplegg: Kari Stai

Om kunstner / utøver / gruppe

Kari Stai er illustratør og forfattar, og kjem frå Inderøy. Ho har hovedfag frå Kunsthøgskolen i Oslo(2005).

Kari Stai har skrive barnebøkene om Jakob og Neikob, Blodrik og Blodfabrikken og peikebøkene om Mopp og Mikko, som alle er utgitt på Samlaget. Jakob og Neikob er omsett til fleire språk, finst som app og har vorte animert og vist på NRK Super.

Ho har jobba mykje med redaksjonell illustrasjon, og har blant anna teikna for Morgenbladet, Den Norske Legeforening og NAV. Stais teikningar er innkjøpt av Nasjonalbiblioteket og Nils Aas Kunstverksted, og ho er medlem av Tegnerforbundet, NBK, NBU og Grafill.

I 2008 mottok Stai Kulturdepartementets debutantpris for boka Jakob og Neikob, og i 2012 mottok ho Brage-prisen for beste barne- og ungdomsbok, Jakob og Neikob - Tjuven slår tilbake.

Publikumskommentarer