Tilbake
Mariel Lødum
Mariel Lødum

Askeladden på nye eventyr H2018 (Absence) (Absence Crew)

Vinnar av Gullsekken 2013 og Skolesekkprisen 2014 - prisen for beste produksjon!

Gjennom spektakulære akrobatiske krumspring og smittande energi formidlar Absence norske folkeeventyr på ein ny og spennande måte. 

Framsyninga har dansen i sentrum og er bygd rundt kjende folkeeventyr. Elevane får møte Espen Askeladd og brørne hans som skal prøve å vinne prinsessa og halve kongeriket. Vi veit alle korleis det endar, men kva som skjer med Askeladden på veg til kongsgarden er ei anna historie.

''Absence har samlet de mest kjente og kjære folkeeventyrene til en forestilling med musikk, humor, skuespill, halsbrekkende akrobatikk og ikke minst mye fantastisk dansing. De er ute etter å imponere publikum, få dem til å humre og le. Slik har du garantert aldri sett Bukkene Bruse, prinsessen og Espen Askeladd før!'' (dns.no)

Ei framsyning vi trur elevane seint vil gløyme!

Lærerveiledning

Det er viktig at elevane før framsyninga er kjende med norske folkeeventyr, først og fremst dei om Espen Askeladd, Dei tre bukkane bruse og Prinsessa som ingen kunne målbinde.

Om utøvere og produsenter

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Trøndelag
  • Kunstnere/grupper: Absence Crew
  • Produsent: Abscense
  • Idé/opplegg: Absence Crew

Om kunstner / utøver / gruppe

Absence har eksistert sidan 1999 og har halde hundrevis av framsyningar, workshops og foredrag i inn- og utland. I tillegg har dei delteke på ulike nasjonale og internasjonale dansekonkurransar. Gruppa var finalistar i TV-programma Dansefeber i 2006 og Norske Talenter i 2009, har blitt tildelt ungdommens kulturpris i Bergen og arrangerte norgesmeisterskap i breakdance, "Battle of Norway 2009".

Gruppa har delteke på framsyningar som Hiphop Fairytale, Boble og Dyrehagen i Hardanger, og har spelt nærmare 150 framsyningar med stykket Jungelboken på Den Nationale Scene og Chat Noir. Absence har starta danseskule i Bergen.

Ide/manus/koreografi:  Absence

Dramaturg: Solrun Iversen, DNS, Tormod Løvoll

Kostyme: Den Nationale Scene

Musikkmiks: Absence og Den Nationale Scene

Lysdesign: Den Nationale Scene

Forteljarstemme: Bjarte Hjelmeland

Publikumskommentarer