Sør-Trøndelag fylkeskommune
Postadresse: 4000 Regut v/DKS, Postboks 2350 Torgard, 7004 Trondheim
Besøksadresse: Erling Skakkesgate 14, 7004 Trondheim
Anna R. Folkestad
Produksjonsliste
Program

Anna R. Folkestad

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Korleis vert eigentleg ei biletbokbok til? Anna viser bilete og snakkar om korleis ho jobba og laga den første Besta og Bo boka «Tanntrøbbel» Frå skisser til ferdige oppslag. Og litt om prosessen. Så les ho to bøker om Besta og Bo «Krabbekrise" og «Plommeproblem". Dette er veldig enkle bøker, men dei passer likevel til ei stor aldersgruppe sidan alle enten skal lære seg å lese, eller har lært seg å lese. Eller kanskje har lyst til å skrive ein liten historie sjølv, og kan få litt inspirasjon om kva det er lurt å tenkje på. Etter opplesninga teiknar Anna på Flip over/whiteboard. Då er det ungane i salen som bestemmer kva Anna skal teikne, så det vert ulike ting kvar gong.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Sør-Trøndelag fylkeskommune
  • I samarbeid med: Sør-Trøndelag fylkesbibliotek
  • Idé/opplegg: Anna R. Folkestad

Om kunstner / utøver / gruppe

Anna debuterte i 2011 med barneboka Henrik And. Etter det laga ho tre bøker om pingvinane Unni og Gunni. Ho har vore ute på mange turnear, seminar og festivalar med bøkene sine. Som DKS, Falturiltu, Barnebokfestivalen, Litteraturfestivalen på Lillehammer, Nynorske litteraturdagar og Litteratursymposiet i Odda. Det siste ho har laga er bøkene om Besta og Bo. Dei er ein del av Samlaget si Leseland satsing. Anna vil gjerne at det å lese sjølv eller å bli lest for skal vere ei god stund. Difor gjer ho så godt ho kan med å lage bøker som kan gi ei god kjensle både av meistring på å lese sjølv eller karakterar som dei vert glade i og vil lese om igjen og igjen.


Medvirkende

Multimedia og vedlegg

Bilder

Anna Folkestad.jpeg
Illustrasjon
Foto: Anna R. Folkestad
Illustrasjon
Foto: Anna R. Folkestad
Litteratur / Forfatterbesøk
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Turnelegger:
Aase Kari Skaugen, tlf. 72 81 36 77
aase.kari.skaugen@stfk.no
Produsent:
Ingrid Ericson, tlf 72 81 14 68,
ingrid.ericson@stfk.no
Kontaktperson utøver
Anna Folkestad, anna@annafolkestad.no,
Maks publikumsantall
30
Arena / rom
Klasserom
Annet utstyr
Ein flippover eller whiteboard med tusjar. Og mulighet til å kople macen til ein prosjektor. Eg har ein overgang til macen med. Fint om kabelen mellom prosjektoren og macen er så lang at eg kan ha macen sånn ca ved sida av meg, slik at eg lett kan trykke på den og skifte bilete.
Lenker
Arrangører
Arrangert av:
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Medvirkende
  • Anna Folkestad (Forfatter)