Sør-Trøndelag fylkeskommune
Postadresse: 4000 Regut v/DKS, Postboks 2350 Torgard, 7004 Trondheim
Besøksadresse: Erling Skakkesgate 14, 7004 Trondheim
To hundre og sekstini dagar
Produksjonsliste
Program

To hundre og sekstini dagar

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Et musisk og poetisk møte med en regnværsfortelling.

Lærerveiledning

Velkomen inn i ei billedbok!

Biletboka "To hundre og sekstini dagar" handlar om vennskapet mellom to små ungar, ein gut og ei jente, og tankane til guten når jenta flytter. Regnet og saknet er gjennomgangstema. Dette er ei vakker og poetisk førestilling til refleksjon og ettertanke. Bjørn Rune Lie sine illustrasjonar vert vist på storskjerm, og det blir opplesing, musikk og lydkulissar. Ei slags live lydbok, med andre ord. 

To hundre og sekstini dagar med regn.
Han ser lauvet falla som kalenderark frå trea.
To hundre og sekstini dagar.
Og kvar gong det regnar, saknar han sin beste ven.

« … ei nydeleg og litt trist forteljing om venskap. Om det å oppleva at bestevennen flytter, om historia dei har hatt i lag og om saknet og lengta og om regn. Masse regn. Og eit nytt håp. … Biletboka er vakkert illustrert der gråblått og raudt er hovudfarger.»  Camilla Ruhs, Pirion

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Sør-Trøndelag fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Kaldestad/Førland
  • Produsent: hos ToH - Widar Aspeli
  • Idé/opplegg: KALDESTAD/FØRLAND

Om kunstner / utøver / gruppe

Roald Kaldestad er (født 21. mai 1972, Bergen) utdanna cand.philol. med engelsk, musikk og kunsthistorie frå Universitetet i Oslo og Bergen. Debuterte som forfattar i 2000 med barneboka Heavykatten, Dicscodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Kaldestad er også musikar; han spelar gitar, laud, banjo og mandolin. Gjennom åra har han spela mykje med Sigrid Moldestad, William Hut, Magnet og Odd Nordstoga, i tillegg til fjorten års fartstid som lyrisk tenor i Storm Weather Shanty Choir. Han har også laga/produsert og turnert med fleire førestillingar for DKS/Rikskonsertane dei siste sju åra. Dei siste tre åra har han vore kunstarisk leiar for den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu.

Roy Ole Førland er utdanna musikklærar ved Høgskulen i Volda. Jobbar som musikar, musikklærar og komponist i Bergen, samt på Barnas Kulturhus i Bergen. Har dei siste åra jobba mykje med musikk til lyrikk. Spelar med A boy Named Sue, Heidi Marie Vestrheim, lagar filmmusikk og har brei erfaring fra DKS, DKB og Rikskonsertene med produksjonene Heavykatten, Haikutronics, Time, Frå Hauge til haiku, Knølkvalen Kai, Har du hørt det? og Hei Kalas!


Medvirkende

  • Kaldestad/Førland
  • Roald Kaldestad
  • Roy Ole Førland

Multimedia og vedlegg

Bilder

To hundre og sekstini dagar
Foto: Magikon/Bjørn R. Lie
Roald Kaldestad
Foto: Foto: Svein Størksen
Roy Ole Førland
Foto: PE
Roy Ole Førland
Foto: Foto Christine Martini
Litteratur, Musikk
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Turnelegger: 
Aase Kari Skaugen, tlf. 72813677, aase.kari.skaugen@stfk.no
Produsent:
Ingrid Ericson, tlf. 72 81 14 68, ingrid.ericson@stfk.no
Kontaktperson utøver
Roald Kaldestad, tlf. 954 60 749, kaldestad@hotmail.com
Programlengde
35 minutt
Maks publikumsantall
90
Arena / rom
Gymsal
Bærehjelp
4 stk ønskelig
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
30 min.
Rom/areal, bredde, lengde, takhøyde, veggareal
Kunstnerne trenger to stoler og et bord.
Merknad
Kunstnerne tar kontakt med skolens kontaktlærer i god tid før besøket - her avklares også skolens spillested! Kulturkontakten på skolen har ansvar for å videreformidle nødvendig informasjon til de respektive klassene, og sørger for at utøverne blir tatt vel imot!Lykke til med besøket!
Lenker
Arrangører
Arrangert av:
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Produsent:
hos ToH - Widar Aspeli
Medvirkende
  • Roald Kaldestad
  • Roy Ole Førland